Wednesday, 27 June 2007

Runde 12

Skal vi tru tipparane er tabellen i tippeligaen noko overaskande, det er iallefall lang tid sidan leiaren har hatt so få poeng. Brann måtte denne runden gi frå seg leiinga etter at dei tapte 3-1 mot Viking i Stavanger samstundes som Stabæk, som verkar uslåelige om dagen (ikkje tapt sidan 0-1 tapet mot Brann i 1. serierunde), tok ein sterk bortesiger i Tromsø. I bunn har Odd Grenland spela på seg mykje sjølvtilitt etter 4-0 sigeren mot tabelljumbo Sandefjord.
Denne veka er det Stian Sylta som leiar konkurransen. Det er første gong Stian leiar konkurransen og andre gong han er på topp 5-lista (forrige gong var i runde 7 då han låg på 5. plass med 13 poeng).


1. Sylta, Stian 14 poeng

1. Brann
2. Rosenborg
3. Lillestrøm
4. Vålerenga

5. Lyn
6. Stabæk
7. Viking
8. Start
9. Tromsø
10. Strømsgodset
11. Odd Grenland
12. Fredrikstad
13. Ålesund
14. Sandefjord


Toppscorar: Steffen Iversen, Rosenborg

2. Aalbu, Morten 13 poeng
2. Lauvås, Audun 13 poeng
2. Øystese, Oddgeir 13 poeng
5. Djupvik, Ole Martin 12 poeng

Friday, 22 June 2007

Runde 11

Eg beklager at denne ikkje er komen ut før. Eg oppdaterte ganske raskt etter at 11. runde var ferdigspela, men fann først no ut at dette hadde vorte liggande som utkast

Den 11. runden er ferdigspela. I toppen har Brann og formlaget Stabæk skaffa seg ei lita luke ned til dei andre laga. Hjå dei tre nederste laga er det og tett etter at Odd Grenland endeleg kan barbera seg att etter ein noko overaskande 2-1 siger på Sør-Arena.

I tippekonkurransen har Lars Ove Harnes vorte den første med poeng på 20-tallet. Det visar seg at jo fleire rundar som vert spela jo meir stemmar tabellen med det våre tipparar har foreslått.


1. Harnes, Lars Ove 20 poeng

1. Brann
2. Lillestrøm
3. Vålerenga
4. Rosenborg
5. Viking
6. Stabæk
7. Start
8. Lyn
9. Strømsgodset
10. Tromsø
11. Aalesund
12. Odd Grenland
13. Sandefjord
14. Fredrikstad

Toppscorer: Thorstein Helstad, Brann


2. Nordtveit, Tony 18 poeng
3. Lunde, Kristian 16 poeng
3. Øystese, Hallvard 16 poeng
3. Øystese, Martin 16 poeng

Tuesday, 19 June 2007

Runde 10

Den 10 runden er ferdigspela, og det byrjar for alvor å bli tett i teten av tippeligaen. Berre 3 poeng skiller dei 5 øvste laga. Den store overaskinga i denne runden var Lyn sin kalassiger mot gull-favorittane frå byen mellom dei 7 fjell. Til trass for dette er Brann framleis på topp av tabellen sidan Lillestrøm tapte alle tre poenga heime mot Vålerengen, men formlaga Viking og Stabæk, som begge vann i helga, er no heilt oppe i ryggen på bergensarane.
Når det gjeld tippekonkurransen har Martin Øystese gjort sin debut på topp-5 lista, og det med den høgste poengsummen som til no er oppnådd så langt.

1. Øystese, Martin 18 poeng

1.Brann
2.Rosenborg
3.Vålerenga
4.Lillestrøm

5.Viking
6.Lyn
7.Stabæk
8.Stømsgodset
9.Tromsø
10.Start
11.Odd
12.Fredrikstad
13.Sandefjord
14.Aalesund

Toppscorar: Torstein Helstad, Brann

2. Lauvås, Audun 15 poeng
2. Lunde, Kristian 15 poeng
2. Nordtveit, Tony 15 poeng
5. Djupvik, Ole Martin 14 poeng
5. Fosse, Anders 14 poeng
5. Kyrkjeeide, Tonje 14 poeng

Tuesday, 12 June 2007

Runde 9

Ein ny runde er ferdigspela med mange overaskingar og eit nyt lag i tet.
Lars Harnes har denne veka tatt over leiinga med ein tangering av den høgaste scoren i konkurransen.
1. Harnes, Lars Ove 16 poeng

1. Brann

2. Lillestrøm

3. Vålerenga

4. Rosenborg

5. Viking

6. Stabæk

7. Start

8. Lyn

9. Strømsgodset

10. Tromsø

11. Aalesund

12. Odd Grenland

13. Sandefjord

14. Fredrikstad

Toppscorer: Thorstein Helstad, Brann


2. Fjelddalen, Magne 14 poeng

3. Djupvik, Ole Martin 13 poeng

3. Gimse, Kjetil 13 poeng

3. Greibesland, Anders 13 poeng

3. Langås, Lars 13 poeng

3. Lunde, Kristian 13 poeng

3. Nordtveit, Tony 13 poeng

Saturday, 9 June 2007

Ein lesar har bedt meg om å leggja ut reglane for konkurransen. Så her er dei:
Reglar:
Kvar deltakar set opp ein tabell over korleis han/ho trur årets sesong vil enda. Trur ein for eksempel at Rbk vil enda på 14. plass ved ferdigspela sesong så plasserer du Rbk på 14. plass. For kvart lag du har plassert på rett plass får du 3 poeng. For kvart lag du har plasert på naboplassen får du 1 poeng. Så om Rbk kjem på 13. plass får du 1 poeng.
Vi tippar og toppscorar. Har du tippa rett toppscorar får du 3 poeng.
Ved slutten av sesongen teller vi saman poenga. Den med flest poeng vinn.

Pris:
50 kr per deltakar.

Premie
Vinnaren får heile potten. Fleire deltakarar betyr større premie.
Om du er den einaste som tippar rett toppscorar får du igjen innsatsen din.