Monday, 23 March 2009

Runde 2

Så er vi igang. Nokon vil nok sei seg godt nøgd med starten, kanskje spesielt dei som kjem frå Molde og Trondheim, medan andre kanskje ser på framtida med meir frykt enn glede. 

Årets konkurranse har 16 deltakarar, det vil seie 800 kr til vinnaren. 

Skal ein tru tipparane er det Rosenborg ein kan vente å sjå på toppen av tabellen ved sesongens slutt, berre to har tippa ein anna seriemester enn trønderane (Brann og Fredrikstad). Når det gjeld toppscorar so er det delte meiningar. Dei som folk har trua p[ vil skape glede for sine klubbar er Rosenborgs Steffen Iversen (3), Trond Olsen (3) og Rade Prica (2), Stabæks Daniel Nannskog (2), Vikings Mame Niang (2), Starts Cristian Bolanos (1), Sandefjords Malick Mane (1), Vålerengas Moa (1) og Branns Azar Karadas (1)

Her er topp 5 frå runde nr. 2:

1. Gimse, Kjetil: 10 poeng

1. Rosenborg
2. Stabæk
3. Viking
4. Lillestrøm
5. Tromsø
6. Fredrikstad
7. Brann
8. Vålerenga
9. Bodø Glimt
10. Molde
11. Sandefjord
12. Strømsgodset
13. START
14. Odd
15. Lyn
16. Aalesund
Toppscorar: Cristian Bolanos (Start)

2. Nordtveidt, Tony: 9 poeng

3. Algerøy, Bjarte: 8 poeng

3. Kinn, Henrik: 8 poeng

3. Pliskog, M@rtin: 8 poeng

Tuesday, 10 March 2009

Reglar

Reglar:
Kvar deltakar set opp ein tabell over korleis han/ho trur årets sesong vil enda. Trur ein for eksempel at Rbk vil enda på 14. plass ved ferdigspela sesong så plasserer du Rbk på 14. plass. For kvart lag du har plassert på rett plass får du 3 poeng. For kvart lag du har plasert på naboplassen får du 1 poeng. Så om Rbk kjem på 13. plass får du 1 poeng.Vi tippar og toppscorar. Har du tippa rett toppscorar får du 2 poeng.Ved slutten av sesongen teller vi saman poenga. Den med flest poeng vinn. Nytt av året er at om ein tippar rett lag på 1. og/eller siste plass gir dette 4 poeng.


Tabell sendas inn før 2. serierunde til mystese@yahoo.com.

Pris:50 kr per deltakar.

Premie: Vinnaren får heile potten. Fleire deltakarar betyr større premie.