Velkommen til tippekonkurransen for tippeligasesongen 2007!
Det er 26 deltakarar med i konkuransen, det vil seia 1300 kr til vinnaren!
Skal ein tru tipparane vinn Rosenborg serien (10 har tippa Brann og 2 har Lillestrøm som seriemester, resten har tittelforsvararen som seriemester også denne sesongen) medan Sandefjord og Aalesund må belaga seg på 1. divisjonsspel til neste år (19 trur AaFK rykke ned, 15 trur Sandefjord, 12 Fredrikstad, 3 Odd og 2 Strømsgodset og Tromsø). Heile 11 trur Odd Grenland må ut i ei ny kvalifisering.
Når det kjem til toppscorartittelen er det ingen tvil om kven som kjem til å putta mest: 14 av våre tipparar har tru på at Thorstein Helstad gjenntatte gongar vil sette Bergen i fyr og flamme. Fjorårets toppscorar Daniel Nannskog har overbevist 4 tipparar om at han kjem til å gjenta bedriften for dei blå sossane i aust. Dei to haust-hitane Peter Ijeh og Steffen Iversen har begge fått 3 stemmer medan 1 person har tru på at Olliver Occean vaknar frå dvalen og sender kanarifula til himmels.
Så gjenstår det å sjå kven som får mest rett.
Lykke til
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment