Monday, 14 May 2007

Runde 6

Siste runde før den årlege 16. mai runden er ferdigspela. Favorittane Brann og Lillestrøm innfridde, sjølv om det for Brann sin del var på hengande håret, medan Rosenborg gjekk på sitt første tap mot Strømsgodset på Lerkendal nokon gong. Tromsø klatra opp på ein noko overaskande 3. plass etter at dei tok sin første siger i Skien nokon gong.
Når det kjem til tabellen er Audun Lauvås den fyrste som greier å halda leinga over 2 rundar, han må imidlertid dela 1. plassen med Hallvard Øystese som klatrar opp frå forrige vekes 2. plass. Sidan Audun sin tabell vart presentert forrige runde er det Hallvard som denne runden får æren av å få sin tabell vist. Anders Fosse og Kristin Øystese debuterer på denne vekas topp 5 liste medan Eirik Haukalid er på lista for 3. gong, ein rekord han har saman med Audun Lauvås (Audun har vore nr. 1. i to av disse rundane).
1. Lauvås, Audun 14. poeng
1. Øystese, Hallvard 14. poeng
1.Brann
2.Viking
3.Lillestrøm
4.Rosenborg

5.Stabæk
6.Vålerenga
7.Lyn
8.Tromsø
9.Start
10.Fredrikstad
11.Strømsgodset
12.Odd
13.Sandefjord
14.Aalesund

Toppscorar: Daniel Nannskog, Stabæk

3. Rasdal, Stian 13. poeng
4. Fosse, Anders 12. poeng
5. Haukalid, Eirik 11. poeng
5.Øystese, Kristin 11. poeng

No comments: