Monday, 24 March 2008

Tippeligaen 2008

Den nye sesongen nærmar seg med stormskritt, og det er derfor tid for tippekonkurranse. Det vil væra enkelte forandringar i år, noko som vi vonar vil gjera konkurransen endå meir atraktiv.

Reglar:
Kvar deltakar set opp ein tabell over korleis han/ho trur årets sesong vil enda. Trur ein for eksempel at Rbk vil enda på 14. plass ved ferdigspela sesong så plasserer du Rbk på 14. plass. For kvart lag du har plassert på rett plass får du 3 poeng. For kvart lag du har plasert på naboplassen får du 1 poeng. Så om Rbk kjem på 13. plass får du 1 poeng.Vi tippar og toppscorar. Har du tippa rett toppscorar får du 2 poeng (ikkje 3 som i fjor).Ved slutten av sesongen teller vi saman poenga. Den med flest poeng vinn. Nytt av året er at om ein tippar rett lag på 1. og siste plass gir dette 4 poeng.

Noko anna som er nytt av året er at det vil verta lagt ut nokre spørsmål som ein må svara på til kvar runde. Det vil vera 2 spørsmål til kvar runde, og ein får eit bonuspoeng for kvart rett svar ein har.

Både tabell og svar på spørsmåla må sendas inn før seriestart.

Pris:50 kr per deltakar.

Premie: Vinnaren får heile potten. Fleire deltakarar betyr større premie.Om du er den einaste som tippar rett toppscorar får du igjen innsatsen din.

No comments: